Gud er ein Astronaut -


Dyrekjærleik




8 sanningar

Eg vart utfordra av Tine Katrine ei god stund tilbake og tenkte at eg kan svare på den som ei byrjing på litt blogging igjen.
Eg kjem litt frem og tilbake i bloggen, eg vil prøve å gjere det oftare men vi får sjå. Eg har iallfall utruleg stor blogglyst akkurat no! Men med mitt hovud veit ein ikkje kor lenge det vil vare. Eg kryssar fingrane for ALL ÆVE

8 sanningar:

1. Eg er medlem i Det Liberale Folkepartiet. Så eg er liberalist. Dog eg har aldri, og kjem neppe til, å skrive noko særleg om politikk. Det gjer kjærasten min nok for oss begge.

2. Eg er, inst inne, framleis ei veldig stor hestejente. Eg kneggar inni meg kvar gong ein hest vandrar forbi.

3. Eg slit ein del psykisk og det har eg gjort sidan eg var ei lita jente. Min biologiske far var ein veldig valdeleg, sjuk mann MEN NOK OM DET

4. Eg har sett meg eit mål om å ete så lite kjøt som mogleg. Eg kjem sannsynlegvis til å halde fram med å ete det, men forhåpentlegvis i ein mykje mindre dose. Dette gjer eg av fleire grunnar som helse, pengar osb.

5. Eg er (som dei fleste sikkert veit) veldig interessert i historia og kulturen til Kina.

6. Eg har 4 sysken. To brødre og to systrer. Då eg var lita delte eg rom med systrene mine. Eg er 8 år eldre enn den yngste av dei. Det... var ikkje... mo... ro. (Eg laga eit heilt rom for meg sjølv øvst i køyesenga, med hyllar og bøker og bilete på veggen.)

7. Joakim var min fyrste og eg hans. ;);;;))

8. Eg er veldig glad i videospel og nokre favorittar er Persona 3, EarthBound, Final Fantasy IV, VI, VII, IX, Xenoblade Chronicles, Silent Hill 2 og 3 osb.

Obligatorisk bilete av meg sjølv




Eg veit ikkje om så mange eg kan utfordre vidare, og eg svarte på dette ganske seint, så eg utfordrar GUD og viss eg får svar så HOLY SHIT

Stikkord:

Will Laren

Draw draw draw








Dette er berre ein kjapp oppdatering på kva eg har arbeidd med i det siste. Til dømes masse figurteikning! Eg synest det er så gøy. Kvinnekroppen er noko av det mest morosame eg veit å teikne. Den er så fin! Eg har også prøvd meg fram med å bruke forskjellige teksturar digitalt som de kan sjå i den øvste teikninga. Eg likar den litt uferdige, retro stilen den fikk, sjølv om den ikkje blei så altfor fin. Men ein lærer jo av det!

Bonusbilete av kva eg vakna til i dag (ein får aldri nok av bilete av søte dyr! Dette er eg villig til å slåst for!!!)


(Haha, eg er så bleik at eg knapt synest...)

//Alle teikningar og bilete er private med mindre noko anna er nemnt

unomoralez

Sidan sist

Hei! Hugsar de meg? (Ikkje eg heller).
No er det ganske lengje sidan eg skrive noko her. Det er nesten litt flautt. Eg seier om og om igjen at denne gongen kjem eg til å skrive ofte!!!! og så berre poff! borte er eg. Men no kjem eg med eit innlegg og eg vonar eg klarer å gjere det litt oftare enn før.
Eg kan sjå eg har fått ein del nye følgjarar også. Hallo! De må vere litt skuffa over kor lite eg skriv her. Eg skal prøve å skjerpe meg. Prøve. Om eg ork---








Nei ok, no skal eg slutte å tulle og kome fram til bissniss.
Ikkje så altfor mykje har skjedd sidan sist. Eg har teikna masse, gått turar på fjellet, fått masse svevn og hund! Berre sjå:







Måtte snike med eit bilete av Miss også, ellers vert ho sur på meg.

Eg har som sagt teikna masse, masse i tida eg har vore borte. De har sikkert sett headeren til Tine Katrine som eg teikna til ho!


Eg har også teikna masse småting som denne (sjå biletet under) og ein del figurteikningar. No byrjar eg å få litt teken på å teikne menneskekroppen!





Det er fint å vere kreativ og det er fint med ny hund. Ting er fint. Og det er jo slik det helst skal vere!



//Alle teikningar og bilete er private med mindre noko anna er nemnt

Ei lita oppdatering

Hei! Her har det vore stille ganske lenge no.
Eg har vore sliten.
Psykisk og fysisk.
Eg slit jo med litt av kvart, som eg ikkje skal gå inn på her og no.
Eg har så utruleg lyst til å skape ein skikkeleg god blogg, med masse kreativitet, DIY-prosjekt, musikk, bøker og liv.
Og dette har eg tenkt til å gjere.
Men ikkje enno. Eg er nøydd til å kome til eit punkt der eg følar eg har nok energi til å kunne oppretthalde bloggen over ein lang tid, og ikkje kome med masse innlegg no, og så plutseleg vere stille i lang tid igjen.
Eg håpar eg skal klare dette etter nyttår. Eg har så mange idear, så mykje eg vil vise, å lære dykk og meg sjølv, og eg trur det vil bli veldig fint. Men til den tid kjem så håpar eg at det går bra med dykk alle, og at de har ein fantastisk god jul og eit like fantastisk nytt år.

For dei som er interesserte så postar eg masse på instagram , der eg deler illustrasjonar, liv, kjærleik, mat og alt som eg elskar.

Åja, no heitar eg forresten offisielt Josefine Tørnqvist Mosleth. Eg har tatt namnet til kjærasten min og eg brukar no alle moglegheitar som byr seg på å skrive mitt nye namn! ♥














//Alle bileta er frå min Instagram (thatmakessense)

Motivational rules for an artist


















































hits