8 sanningar (Gud er ein Astronaut)

8 sanningar

Eg vart utfordra av Tine Katrine ei god stund tilbake og tenkte at eg kan svare på den som ei byrjing på litt blogging igjen.
Eg kjem litt frem og tilbake i bloggen, eg vil prøve å gjere det oftare men vi får sjå. Eg har iallfall utruleg stor blogglyst akkurat no! Men med mitt hovud veit ein ikkje kor lenge det vil vare. Eg kryssar fingrane for ALL ÆVE

8 sanningar:

1. Eg er medlem i Det Liberale Folkepartiet. Så eg er liberalist. Dog eg har aldri, og kjem neppe til, å skrive noko særleg om politikk. Det gjer kjærasten min nok for oss begge.

2. Eg er, inst inne, framleis ei veldig stor hestejente. Eg kneggar inni meg kvar gong ein hest vandrar forbi.

3. Eg slit ein del psykisk og det har eg gjort sidan eg var ei lita jente. Min biologiske far var ein veldig valdeleg, sjuk mann MEN NOK OM DET

4. Eg har sett meg eit mål om å ete så lite kjøt som mogleg. Eg kjem sannsynlegvis til å halde fram med å ete det, men forhåpentlegvis i ein mykje mindre dose. Dette gjer eg av fleire grunnar som helse, pengar osb.

5. Eg er (som dei fleste sikkert veit) veldig interessert i historia og kulturen til Kina.

6. Eg har 4 sysken. To brødre og to systrer. Då eg var lita delte eg rom med systrene mine. Eg er 8 år eldre enn den yngste av dei. Det... var ikkje... mo... ro. (Eg laga eit heilt rom for meg sjølv øvst i køyesenga, med hyllar og bøker og bilete på veggen.)

7. Joakim var min fyrste og eg hans. ;);;;))

8. Eg er veldig glad i videospel og nokre favorittar er Persona 3, EarthBound, Final Fantasy IV, VI, VII, IX, Xenoblade Chronicles, Silent Hill 2 og 3 osb.

Obligatorisk bilete av meg sjølv




Eg veit ikkje om så mange eg kan utfordre vidare, og eg svarte på dette ganske seint, så eg utfordrar GUD og viss eg får svar så HOLY SHIT

Stikkord:

Maren Elisabeth

10.05.2013 kl.23:39

Liker smaken din i videospill. Selv om jeg liker Persona 4 en del bedre enn Persona 3.

tine katrine

11.05.2013 kl.14:20

Haha. håper gud svarer!

Weronika Ellen Irena

12.05.2013 kl.12:26

Er så fint med sannheter. Jeg har lik følelse med drilling som du har med hester. Om jeg har en kost, en innebandykølle - en stang av noe slag, begynner jeg alltid å drille. Savner det litt mye.




hits