januar 2013 (Gud er ein Astronaut)

januar 2013

Draw draw draw








Dette er berre ein kjapp oppdatering på kva eg har arbeidd med i det siste. Til dømes masse figurteikning! Eg synest det er så gøy. Kvinnekroppen er noko av det mest morosame eg veit å teikne. Den er så fin! Eg har også prøvd meg fram med å bruke forskjellige teksturar digitalt som de kan sjå i den øvste teikninga. Eg likar den litt uferdige, retro stilen den fikk, sjølv om den ikkje blei så altfor fin. Men ein lærer jo av det!

Bonusbilete av kva eg vakna til i dag (ein får aldri nok av bilete av søte dyr! Dette er eg villig til å slåst for!!!)


(Haha, eg er så bleik at eg knapt synest...)

//Alle teikningar og bilete er private med mindre noko anna er nemnt

unomoralez

Sidan sist

Hei! Hugsar de meg? (Ikkje eg heller).
No er det ganske lengje sidan eg skrive noko her. Det er nesten litt flautt. Eg seier om og om igjen at denne gongen kjem eg til å skrive ofte!!!! og så berre poff! borte er eg. Men no kjem eg med eit innlegg og eg vonar eg klarer å gjere det litt oftare enn før.
Eg kan sjå eg har fått ein del nye følgjarar også. Hallo! De må vere litt skuffa over kor lite eg skriv her. Eg skal prøve å skjerpe meg. Prøve. Om eg ork---








Nei ok, no skal eg slutte å tulle og kome fram til bissniss.
Ikkje så altfor mykje har skjedd sidan sist. Eg har teikna masse, gått turar på fjellet, fått masse svevn og hund! Berre sjå:







Måtte snike med eit bilete av Miss også, ellers vert ho sur på meg.

Eg har som sagt teikna masse, masse i tida eg har vore borte. De har sikkert sett headeren til Tine Katrine som eg teikna til ho!


Eg har også teikna masse småting som denne (sjå biletet under) og ein del figurteikningar. No byrjar eg å få litt teken på å teikne menneskekroppen!





Det er fint å vere kreativ og det er fint med ny hund. Ting er fint. Og det er jo slik det helst skal vere!



//Alle teikningar og bilete er private med mindre noko anna er nemnt









hits