juni 2012 (Gud er ein Astronaut)

juni 2012

Flowery Trees and Bushes Appreciation Post










Det er blomar overalt og draumen om ein hage veks for kvar sumardag som går.


//Alle bilete er frå min Instagram teke med eit ikkje så utruleg godt kamera på mobil (sjølv om eg meiner det gjev bileta litt sjarm).

Kunsta å teikne hender



Viss det er noko som er kjent for å vere vanskeleg å teikne så er det hender. Eg har alltid frustrert meg sjølv inn i æva når eg har prøvd å teikne desse kompliserte greiene vi brukar til det meste.
Men sjå! Alt arbeidet har faktisk betalt seg! Sjølv om ein ikkje skulle tru at reiskapen man brukar til å teikne med skulle vere så utruleg vanskeleg å faktisk få ned på papir. Det krev tålmod og du må vere førebudd på at det ikkje alltid er særleg morosamt å teikne noko om og om og om igjen, men kjensla du får når du meistrar det gjer heile prossessen verdt det. Dette gjeld vel eigentleg alt, og er veldig viktig å hugse på. KEEP AT IT!



Her har eg prøvd å teikne ein illustrasjon av Picasso, opp ned. Det er heilt utruleg kor mykje detaljar du faktisk får med når du ikkje er klar over kva det er du teiknar. Teiknar du ein fot eller er det kanskje ein bart? Kven veit, innan du snur det opp ned og ser at oi, det var eit slips. Prøv det! Det er ganske moro. Bruk gjerne eit bilete med masse detaljar slik at det blir vanskelegare for deg å sjå kva som er kva.


Til slutt vil eg de skal sjå ein illustrasjon som verkeleg inspirerer meg og kva illustratøren sjølv hadde å seie om biletet:



"In between classes today I had an hour to spare so I went on tumblr and I came across a vintage photo of a young actress playing Peter Pan. It was such a beautiful photo and just the expression on her face was that of shyness, intrigue, and innocence upon entering through the Darling?s nursery window. I just had to draw her and as I was drawing this song came on my iPod that fit this drawing so well. I just felt really emotional and really into the process of drawing this young girl portraying one of the most amazing heroes in literature. It was one of those moments when I remembered why it was that I love doing what I do. Thought I?d share that with you :)"


//Det siste biletet er lenkja til kjelda

Trichromatic

Eg tenkte eg kunne skrive litt om kva eg har gjort den siste tida sidan eg ikkje har blogga på ei stund (eg held meg nok til kva eg har gjort i det siste, for eg trur ikkje de vil ha informasjon frå fleire månader).
Eg kunne tenkje meg å byrje med å fortelje om at eg har fått meg mi fyrste tatovering. Den dedikerte eg til Synne, eit av dei vakraste menneska eg nokonsinne har hatt æra av å kjenne, og som blei borte frå oss 22 juli.


 Det var utruleg fint å få gjort det, og kvar gong eg ser ned på armen min vil eg alltid minnast om ho og alt ho stod for og var.

Eg har funne ut at eg mest sannsynleg vil bli illustratør, og viss ikkje, så er det uansett ein ganske stor del av den eg er. Difor gjekk eg ei stund tilbake til innkjøp av fleire (ganske store) bøker om illustrasjon, slik at eg verkeleg kan bli god og utvikle meg. De fleste bøkene omhandlar anatomien til kvinnar, menn og born, men også draperingar.




Å føle at du ikkje kan noko, at alt du gjer er middelmådig og forgløymeleg er noko eg har slite med mykje i det siste. Difor tenkte eg at no måtte eg berre gjere noko, kome meg ut av sporet eg var i, for det er utruleg deprimerande å føle at verden ikkje veit at du finnst. Eg føler vel eigentleg dette enno, men no prøvar eg iallfall å gjere noko ved det. Difor kjøpte eg desse bøkene slik at eg kan utvikle meg og føle at sjølv om eg er for psykisk sjuk til å arbeide eller gå på skule, så gjer eg noko som utviklar meg og utforfrar meg og som gjer meg glad. Eg har starta min eigen lille teikneskule der eg er einaste elev.

Samtidig er eg veldig heldig som har desse to:

Eg går til psykolog no, og vonleg vil eg bli frisk nok til å klare å gjere ting som dei fleste tek for gitt. Som å gå ut aleine, gå i butikken med og utan Joakim, kanskje til og med ein dag bli kjend med nokon. Til den tida kjem skal eg lese masse bøker, teikne, gå turar med Joakim og kose med Miss.


Blogg.no likar verkeleg ikkje store bilete eller detaljar.

Cat Appreciation Post







Kva er vel livet utan ein post med kattar no og då.
Favorittverksemda til Miss: Svevn.


//Bilete tatt med Instagram

Under arbeid

Hei og hallo!
No har ikkje eg blogga på uendeleg lenge (ja, eg skriv på nynorsk no), og det har vore ganske frigjerande og herleg eigentleg. Men eg kjenner at eg i det siste har sakna det, og at eg i sanninga verkeleg vil byrje igjen. På ordentleg denne gongen. Minst to gonger i veka til og med! Eg følar det vil sparke meg litt i rumpa når det gjeld teikning (eg vil jo tross alt bli illustratør) og det vil vonleg få fokuset mitt over på noko anna enn depresjon og tankar som kjem når eg ikkje har noko å overføre konsentrasjonen min på. Om de skjøner. (Usikker på om eg gjer det sjølv.)

Akkurat no skal eg endre litt på design, lage ein liten plan over kva eg skal blogge om, slik som tema, kunst, dyi, litteratur og musikk. Eg har vakse litt når det gjeld smak sidan sist eg blogga, men eg trur ikkje det blir dei heilt store forandringane (anna enn at eg jo sjølvsagt skriv på nynorsk no*). Så snart vil det kome nye innlegg og eg vil vonleg blogge som før. Og vonleg vil de fortsatt lese det eg har å skrive, og høyre og sjå på det eg vil dele med dykk.


*Eg hadde nynorsk som hovudmål på ungdomsskulen då eg budde i Bykle, som er ein nynorsk kommune, og no som eg snart skal ta opp utdanninga mi så vil eg gjerne ta opp igjen nynorsk som hovudmål. Difor følar eg at det vil vere bra for meg å bruke denne målforma på bloggen. Det har tross alt vore ein ganske stor del av mitt unge liv (pluss at kjærasten min skriv hardcore nynorsk og eg vil da for pokker ikkje vere verre enn han!).


Som de ser lever også Miss i beste velgåande. Ho tar til seg menneskelege trekk for kvar dag som går! Ho er den perfekte katt og er SUPERIOR TO ALL HUMANS THIS IS JOSEFINE WRITING A HUMAN NOT CAT I HAVE NOT TAKEN OVER HER COMPUMJAU MJAU MJAU









hits