juli 2012 (Gud er ein Astronaut)

juli 2012

Gravity Falls

Eg veit ikkje om de likar å sjå på Adventure Time, Regular Show, Flapjack osv. slik eg gjer, men eg vil allikevel fortelje dykk om Gravity Falls (om de ikkje allereie har høyrt/sett på det).
Eg elskar korleis desse seriane er teikna og animert. Pluss at dei er utruleg morosame, og eg ser at eg blir veldig inspirert av korleis det er teikna når eg ser mine eigne ting (det er sjølvsagt på ingen måte i same liga). Mange av dei illustratørene eg beundrar lèt seg også inspirera av desse programma. Humoren er så smart og intelligent og samstundes så utruleg dum og latterleg. Det gjer meg glad. Det gjer sikkert dykk glade også.












Juergen Teller






Juergen Teller (1964-) artist and fashion photographer


Ting er veldig vanskelege akkurat no, så ikkje bli skuffa (om nokon skulle bli det) om det ikkje kjem så mange innlegg.
Eg skal prøve så godt eg kan dei gongane eg kjenner for det, og vonleg vil dette gå over så fort som mogleg.

Cloud Appreciation Post








Somme gonger treng ein berre å sjå opp på himmelen, skyene og ljoset, og ting vil kjennast ganske bra. Somme gonger ikkje. Men det finst ingen tvil om at himmelen er ven.


//Alle bilete frå min Instagram

Tomatgryte



Eg veit om ei oppskrift eg likar veldig godt. Ei oppskrift Joakim tek opp kvar gong eg gjev han oppgåva å bestemme kva vi skal ha til middag. Tomatgryte!
Den er så enkel og så utruleg god. Eg et alltid mykje meir enn det eg bør (eller nokon andre bør, for den saks skuld).
Eg er ikkje vegetarianar eller veganar, så eg orsakar til dei som er det. Om de ser noko i oppskrifta de lett kan byta ut med noko anna, så gjer gjerne det og fortel meg om det, for eg vil kunne eta denne retten utan kjøt òg. Om de skulle ha noka god oppskrift som er vegansk, så må de forsåvidt også dele den!
Denne oppskrifta er veldig bra for dei som er studentar, sidan denne oppskrifta lett kan gjerast både større og mindre utan problem + at den er billig!


I tomatgryta treng du:

3 kvitlauksfedd (eg tek alltid 5, eg elskar kvitlauk)
4 sjalottlauk
Kyllingkjøtdeig
3 dl makaroni (du vel sjølvsagt kva for makaroni du føretrekkjer, som t.d. fullkorns osb.)
Steikjesmør
Grønsaksbuljong
To boksar hakka tomatar (eller tilsvarande mengd ferske tomatar)
3dl vatn (veldig dyrt, ikkje sikkert alle finn det!)
Krydder (salt, pepper, timian, oregano og basilikum)
Crème Fraîche
♥♥♥OG MASSE KJÆRLEIK♥♥♥

Det du gjer:

Varm opp ei kjele med smør medan du finhakkar sjalottlauken. Når det er varmt nok, tek du sjalottlauken oppi gryta og steikjer det til lauken er gyllenbrun.
Deretter tek du ein kniv og "mosar" kvitlauksfedda heile med knivbladet og sleng dei oppi gryta saman med lauken.
Lat det stå til kvitlauken har blitt gyllen.
No kan du ta oppi kyllingkjøttdeigen! Del den opp etterkvart som den blir steikt, slik du ville gjort med karbonadedeig når du lagar taco (no fikk eg lyst på taco).
Når kjøttdeigen er steikt puttar du oppi tomatane, vatnet, buljongen og krydderet (hell det i gryta, ikkje i augo. Eg veit det freistar, men tru meg, det kjennest ikkje godt!)
Rør godt om og lat alt dette stå og putre i gryta til det er varmt nok til å helle oppi makaronien.
No er det ikkje lenge igjen, for no ventar du berre på at makaronien skal bli ferdig, og dette testar du sjølvsagt berre ved å smaka på den.

No er alt du treng å gjere å servere!
Ta gjerne ei teskei, snurr den rundt oppi boksen med crème fraîche og lag ein liten (eller stor, som eg gjer
), fin sirkel på toppen av retten, så ser den også litt fin ut.

Fin i magen og fin for augo!


Vonar det gjev dykk varme magar! ♥




(ps. kan nokon vere så snille å fortelje meg korleis eg kan få større bilete på blogg.no for dette drep meg!!!)

Megan Diddie

Teiknetips #1




Trur de at de ville synest det var ok om eg kom med nokre teiknetips av og til? Eg er jo ikkje akkurat nokon ekspert, men nettopp difor er det kanskje greitt at eg deler tips og triks eg sjølv finn nyttige på min veg til å bli ein betre teiknar. Det er så mykje fototips der ute, så kvifor ikkje litt teiknetips også? Om ikkje berre for å kartleggje mi eiga utvikling.

I dag teikna eg iallfall Lykke Li (som de kanskje (berre kanskje) ser). Eg gjekk utifrå eit bilete eg har på soverommet, men istadenfor å teikne slavisk etter det, så prøvde eg å teikne kun etter skygge (altså, eg teiknar inn alle mørke område, istadenfor å teikne inn fjes, augo og alt det ein vanlegvis gjer). Eg prøvde også å teikne ho i min eigen stil, utan å sjå så altfor mykje på biletet, for då blir det litt kreativt og eige. Mi personlege Lykke Li, liksom.
Då får du øvd litt skyggelegging, proposjonar osv. pluss at du får brukt din eigen kreativitet og gjort det om til noko du sjølv har kome på. Iallfall litt.
Eg synest det er veldig gøy, pluss at eg lærer veldig mykje. Prøv det!


(Sjå helst teikninga i stort format)


//Teikning og bilete er mine eigne

(Eg bør endre på "Fortell meg noe!", "Hva heter du:" osv, men det orkar eg ikkje no. No er de iallfall klare over at eg veit (og de er klare over at eg er lat))









hits