august 2012 (Gud er ein Astronaut)

august 2012

Sjølvportrett



Seiichi Hayashi

Webcomic


(Webcomic-portrettet av meg som spøkjelse)

Eg veit ikkje om de har fått det med dykk, men eg har starta min eigen webcomic!
Han heiter "Should Make Sense" og du finn han her.

Eg er ikkje verdas beste til å teikne, og eg har mykje å lære når det gjeld å setje opp striper, historie osv. men eg har kome litt i gang og eg er nøgd med resultatet så langt.
Den vil innehalde striper med soger tekne frå mitt verkelege liv og litt overdriving (noko de vil få sjå i stripa som kjem ut i morgon).

I det siste har eg ikkje gjort noko anna enn å teikne, lære meg teknikkar, teikne menneskekroppar, korleis å bruke Photoshop CS6 og blitt endå meir lærd når det kjem til teiknebrettet mitt.
Eg har verkeleg fått tilbake teiknegleda, og eg lærer masse!

Eg blir faktisk ikkje lei av å berre øve, øve, øve for tida, og det skal eg nyte så lenge eg kan.

Det kan hende eg vil vere veldig oppteken med teikning, webcomic (eg skal jo sleppe ut ei stripe kvar måndag og kvar torsdag) og slikt, som gjer at eg ikkje alltid vil ha tid til å blogge så mykje.
Men, om de vil, så skal eg prøve å oppdatere dere på kva som skjer, eg har blitt veldig interessert i foto igjen også, og gler med til å bruke Diana F+ kameraet mitt igjen, og ting er eigentleg ganske fint akkurat no. Stressande, men fint.


//Portrett av meg som spøkjelse er privat, ikkje bruk det for å stele min identitet!









hits